Version
1
URI:
This rating system has been adopted in these regions for the specified usage:
A
:
Tillaten for alle
A
:
All
Age Restrictions
Min Recommend Age: |
N.A.
|
Min Allowed Age (Supervised): |
N.A.
|
Min Allowed Age (Unsupervised): |
N.A.
|
Attributes
HAC Usage: |
Y
|
HAC Ordinal: |
0 |
Definition
A
:
Tillaten for alle
Det er ikkje berre barnefilmar som får merkelappen tillaten for alle.
A
:
All
Reasons and Content Descriptors
Explanation
Dersom det ikkje er noko som kan skremma dei minste i filmen, vil han få kategoriseringa
tillaten for alle (A). Likevel kan det tenkjast at små barn ikkje vil forstå handlinga,
men vi føreset at dei ikkje vil bli skremde av henne. I slike tilfelle vil filmen
få kategoriseringa eigna for: ungdom/vaksen eller eigna for: vaksen (sjå over under:
Er filmen eigna?). Eksempel på typiske "tillaten for alle"-filmar er den danske "Ørkenens
juvel" og "Flyvende farmor" (2001, begge vurdert eigna for barn).
Not provided
Age Restrictions
Min Recommend Age: |
7 |
Min Allowed Age (Supervised): |
N.A.
|
Min Allowed Age (Unsupervised): |
N.A.
|
Attributes
HAC Usage: |
Y
|
HAC Ordinal: |
3 |
Definition
7
Ei 7-årsgrense på film blir gjeven fordi vi meiner filmen kan verka skremmande for
dei aller minste.
7
:
7 år
Reasons and Content Descriptors
Explanation
7-årsfilmar kan t.d. ha lange mørke sekvensar. Det kan vera ein dramatisk lyd- og
effektbruk eller vi kan sjå at hovudpersonane blir utsette for psykisk eller fysisk
fare. Eit døme på ein slik film er "Shrek", der dragen først er skummel for dei minste
(2001: vurdert eigna for familie). Andre faktorar som speler inn når vi set ein film
opp til 7 år, kan vera kjensleutbrot som kan verka uforståelege for dei aller minste.
Vi legg også vekt på den gjennomgåande stemninga i filmen. At ein film får 7 eller
11 år treng ikkje utan vidare tyda at det er ein film som er spesielt eigna for desse
aldersgruppene.
Not provided
Age Restrictions
Min Recommend Age: |
11 |
Min Allowed Age (Supervised): |
N.A.
|
Min Allowed Age (Unsupervised): |
N.A.
|
Attributes
HAC Usage: |
Y
|
HAC Ordinal: |
6 |
Definition
11
:
11 år
11-årsgrensa er ei ungdomsgrense.
11
Reasons and Content Descriptors
Explanation
I ein 11-årsfilm kan vi godta valdshandlingar i bestemte samanhengar. Det viktige
er at valdshandlinga er sett inn i ein forståeleg samanheng. Vidare kan 11-årsfilmar
innehalda valdshandlingar som går inn i ein urealistisk samanheng, slik som slap-stick,
fantastiske innslag og andre overdrivingar. Valdshandlingar kan også aksepterast dersom
dei er element i filmar som er baserte på velkjende historier, bøker, teikneseriar
eller der handlinga har ein klår avstand i tid og rom. Distributøren klipte ned ei
sterk valdsscene i "The Mask of Zorro" (1998) for å oppnå 11-årsgrense. Tema som kan
vera problematiske for 11-åringar er: dommedagsproblematikk, katastrofar, overgrep
av ulik art, eller ei gjennomgripande truande og dyster stemning. Problemstillingar
som høyrer til i vaksenverda kan vera med på å heva aldersgrensa opp til 15 år. Drap
og mishandlingar, som finst i mange filmar, høyrer tradisjonelt heime i 15-årsfilmen.
Not provided
Age Restrictions
Min Recommend Age: |
15 |
Min Allowed Age (Supervised): |
N.A.
|
Min Allowed Age (Unsupervised): |
N.A.
|
Attributes
HAC Usage: |
Y
|
HAC Ordinal: |
9 |
Definition
15
:
15 år
Vi reknar 15-åringen som ein vaksen kinosjåar på den måten at han eller ho har god
innsikt i verkemidla til filmen, og har referansar til andre filmar.
15
Reasons and Content Descriptors
Explanation
I 15-årsfilmar kan det visast realistiske skildringar av vald og sex. Eksempel på
filmar med 15-årsgrense er "Baby Boy" og "The Score" (2001). Sjølv om heltane og skurkane
blir utsette for psykisk terror eller til dels grove valdshandlingar, føreset vi at
dei fleste 15-åringar opplever dette som fiksjon. Ein del filmar i dag kan verka svært
valdelege samanlikna med filmar tilbake i tid. Men vi ser også at dei fleste unge
i dag veks opp med ei anna og ofte breiare filmerfaring enn det ein gjorde i tidlegare
generasjonar. Sjølv om filmen har eit fantastisk preg, kan einskilde tema, som det
å bli forlaten av dei føresette ("A.I. Kunstig intelligens", 2001) heva grensa til
15 år.
Not provided
Age Restrictions
Min Recommend Age: |
18 |
Min Allowed Age (Supervised): |
N.A.
|
Min Allowed Age (Unsupervised): |
N.A.
|
Attributes
HAC Usage: |
Y
|
HAC Ordinal: |
80 |
Definition
18
:
18 år
18-årsgrensa blir brukt for å markera at vi meiner filmen har eit spesielt sterkt
uttrykk.
18
Reasons and Content Descriptors
Explanation
Filmar med grense 18 år vil ofte innehalda skildringar av grove valdshandlingar. Valdshandlingar
skildra i ein kald og kynisk stemning vil ofte kunna føra til 18-årsgrense. Når det
gjeld skildringar av sex, vil særeigne former for sex, og ei blanding av vald og sex
vurderast som medverkande faktorar til at aldersgrensa blir heva til 18 år. Eksempel
på ein film med 18-årsgrense med grove valdshandlingar er "Kiss of the Dragon" (2001).
"Romance" (1999) er eit eksempel på ein film der det blir fokusert på seksualitet,
og som inneheld mange og nærgåande sex-scenar. Ei blanding av vald og sex kjem til
uttrykk i "Seul contre tous" ("Alene mot alt", 1998), og er her avgjerande for aldersgrensa.
18-årsgrensa blir også brukt for å verna kunstneriske filmar og meiningsytringar i
samfunnsdebatten. Overfor éin type film, sjangerblandingsfilmane som hovudsakleg har
fantasipreg og sterke realistiske valdsinnslag, har filmtilsynet vore strengare enn
nabolanda våre. Typiske eksempel er "The Mummy Returns", "Lara Croft - Tomb Raider"
og "Dungeons & Dragons", som alle fekk 15-årsgrense (2001).
Not provided